Skulemeisterskap i kjepphestriding
I strålande solskin laga elevane i 5.klasse ein flott konkurransearena på idrettsbana. Det var oppvisning i både dressurprogram og sprangløype, med sjølvlaga kjepphestar.
Stemneveterinæren
Før konkurransestart kom stemneveterinæren innom for å sjå at alt stod bra til. Nokre hestar måtte få sjekka kular, nokre måtte mønstrast for å sjå etter haltheit, og nokre måtte også ha den årlege vaksinasjonen. Heldigvis var dei fleste av hestane rolege under denne delen av stemnet og eigarane hadde papira i orden, og kunne vise fram hestepass med stamtavle, eigarinfo, avteikn og vaksinasjonar.
Volter, trav, galopp og diagonalar
Deretter var det dressurframsyning. Her var rytterene i grupper, og synte fram eit LC program med blant anna midtlinje, volter, trav, galopp og diagonalar med musikk. Når alle gruppene hadde synt fram programmet sitt, var det klart for ei sprangbane. Her var det individuell start og dei rei ei bane med enkelthinder, stusshinder og til og med ei vanngrav.
Alle ekvipasjene fekk deltagarsløyfe etter start, som forøvrigt også er laga av elevane.
Det er kunst og handverklærar Randi Rust som står som initiativtaker. Ho samla saman gamle fleecetepper som ikkje lengre var i bruk. Elevane starta med å lære seg samanføyingsteknikkar, men at det skulle bli kjepphest, og resultere i eit meisterskap, var ikkje med i dei fyrste planane. Men slik vart det heldigvis. Kjeppane har elevane funne seg sjølve, og hestane er svært kreative. Det var ikkje alle hestane som var hest heller, det var hvertfall ei kjeppku og eit kjepprådyr som starta stemne i går. Vi håpar at skulemeisterskap blir eit årleg arrangement på skulen.