Skjåk klare for nasjonale finaler i Klassequizen

Mari Bruheim, Rikard Melhus Dahl, Lars Mallaug og Eldri Marie Tråstad har gjort det bra i årets klassequiz, og er nå klare til å representere gamle Oppland fylke saman med Åretta ungdomsskole.

Kva er klassequizen?

Rikard Melhus Dahl, Mari Bruheim, Lars Mallaug og Eldri Marie Tråstad har gjort det bra i årets klassequiz. - Klikk for stort bildeRikard Melhus Dahl, Mari Bruheim, Lars Mallaug og Eldri Marie Tråstad har gjort det bra i årets klassequiz. ELIN FOSSUM / NRK

Klassequizen er ei quizkonkurranse som er for 10.klassingar i heile landet. Det starta som ei regional konkurranse på Sørlandet, og vart arrangert for fyrste gong i 2010/2011, og har sidan 2013 vore landsdekkande. Klassequizen består med innleiande distriksrunder, lokal finale og nasjon finale. Innlandet er delt inn i gamle Oppland og gamle Hedemark. Dei innleiande rundane vart sendt på radio i haust. Dei fire beste skulane frå dei innleiande rundane er viare til den lokale finala.

Lokal finale

Etter dei innleiande rundane i gamle Oppland, var det fem lag som delte topplassering, og desse laga måtte gjennom ei ekstrarunde. Skjåk kom viare i ekstrarunda og hamna i den lokale finale, for å avgjera kva for to av skulane som skal representere gamle Oppland i dei nasjonale finalane. Den lokale finala var avhalde 11.januar på Lillehammer, og Skjåk kapra den eine plassen. Dei er difor klare for den nasjonale finala som skal avheldast i Oslo i midten av mars.