Påskelunsj - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Påskelunsj

Påskelunsj for alle elevar og tilsette ved Skjåk barne- og ungdomsskule

Det vårast ute, dagane blir lengre og ljosare. Påska er rett rundt hjørnet, og i den forbindelse arrangerast det påskelunsj for alle elevar og tilsette ved Skjåk barne- og ungdomsskule. 6.klasse har faget mat og helse, og det er dei som er vertar for lunsjen. Dei har førebudd seg i lang tid, og dei varta opp med ferske rundstykker, eggerøre, frukt og anna godt pålegg for resten av skulen. Ei triveleg matstund nå rett før påske. 

6.klasse er vertar for påskelunsjen Astri Sveine Hov