Ver beredt - eigenberedskapTenk igjennom kva slags farer og ulykkar som kan ramme deg heime, og ver best mogleg førebudd. Viss straumen blir borte eller du blir isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.Dei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvann og elektriske apparat. Uver, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mistar for eksempel straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegere å få tak i naudsynte varer. Sjansa er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Da bør du vera førebudd. Med et lite reserverlager av det du er mest avhengig av – vatn, mat, medisinar og varmekjeldar – er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar. På Sikkerhverdag.no finn du mange nyttige tips til kva du bør ha i eigenberedskap heime. Publisert 04.10.2024 14.09