Viktig melding frå Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap

Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal, og NGR startar nå med å køyre ut dunkar til hushaldsabonnentar i Dovre og Skjåk allereie neste veke (veke 36)

Melding frå Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap

Kommunane og NGR innfører kjeldesortering av matavfall frå 1. januar 2025. Frå same dato skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal. Utlevering av dunkar pågår.

NGR startar med å køyre ut dunkar til hushaldsabonnentar i Dovre og Skjåk neste veke (veke 36).

Alle abonnentar vil få 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall. Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokk. Storleiken på dunken til restavfall vil følgje gebyrgruppa som abonnenten har valt. Abonnentar med standardgebyr vil få ein dunk på 240L, abonnentar med minstegebyr vil få ein dunk på 140L, og abonnentar med utvida gebyr får ein dunk på 360L. Dunken til restavfall har lokk i mørk grå farge (same farge som dunken).

Saman med dunkane vil abonnentane få utdelt ein rull med posar til matsortering og ein rull med blanke plastsekkar til oppsamling av hushaldsplast.

NGR vil levere dunkane på tunet eller nær bustaden der det er mogleg å kome fram med lastebil. Der det ikkje er mogleg å kome fram, vil NGR levere dunkane der abonnenten i dag set fram avfall på hentedagen.

Ny kjeldesortering vert innført frå 1. januar 2025

Ny kjeldesortering vert innført frå 1. januar 2025, og dunkane skal ikkje takast i bruk før denne datoen. NGR kjem tilbake med informasjon om sortering, plassering av dunkar på hentedagen, osb. Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til restavfall for 2025. For resten av 2024 skal grå sekkar som er distribuert tidlegare nyttast.

Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag

  • Kontakt transportleder Knut Stene for mer informasjon. E-post: knut.stene@ngr.no, eller telefon 903 68 309.
  • Etter hvert kommer det også mer info på NGR sine nettsider, www.ngr.no.