Planforslag til offentleg høyring og ettersyn
Formålet med planarbeidet er å legge reguleringsmessig til rette for at det kan bli bygd eit flaumsikringsanlegg i samsvar med revidert tiltaksplan frå NVE. Formålet med tiltaka i NVE sin plan, er å sikre Bismo sentrum mot flaum i Ottaelva og Skjåkheimen mot flaum i Fjukenbekken. For å oppnå formålet, er det mellom anna framlegg om å bygge ein om lag 2250 m lang sikring langs Ottaelva beståande av flaumvollar, flaumsikringsmur og drenerings-/pumpeanlegg, samt å bygge eit anlegg for inntak og bortleiing av vatn frå Fjuken. I planforslaget er også innregulert ein 3 meter brei turveg som går oppe på flaumvollane og på strekninga mellom desse.
Med grunnlag i at reguleringsplanen også skal sikre tilstrekkeleg areal til riggområde og for anleggsverksemda, har ein måtte utvide planområdet med om lag 19 dekar i forhold til varsel om oppstart. Slike areal skal vere avlagt som midlertidige bygg- og anleggsområde på plankartet og vere tilknytt planføresegner. Mellom anna er planområdet derfor utvida til å omfatte eit areal ved Industrivegen og eit areal vest for Bellingsdalsvegen, GID 126/108. Begge areala er eigd av kommunen og er planlagt nytta til riggområde.
Reguleringsplanområdet er på 324,5 dekar og omfattar både areal for framtidige permanente sikringsanlegg, areal for mellombelse anleggs- og riggområder og elveareal. I hovudsak omfattar byggeområdet for flaumsikringsanlegga kommunal eigedom langs Ottaelva. I tillegg vil desse eigedomane bli direkte råka av tiltaket og/eller anleggs- og riggområde: GID 30/1, 34/10, 126/2, 126/3, 126/97, 126/103, 126/128, 126/132, 126/137, 126/141, 127/1, 127/38 og 247/16.
Planforslaget består av følgjande dokument:
- Reguleringsplankart - digitale filer eller utskrift i målestokk 1: 1500 i A0-format
- Planføresegner
- Planomtale (dette dokumentet)
- ROS-analyse
Desse dokumenta er vedlagt som filvedlegg, saman med sakspapir frå behandling i Hovudutval for miljø og samfunnsutvikling og formannskapet. Det er også vedlagt eit oversiktskart som viser avgrensinga av planområdet, flaumsikringsanlegga og traseane for turvegar som ligg i planforslaget. Dokumenta ligg også til gjennomsyn på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.
Frist for å kome med uttaler til planforslaget
Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 6. mai 2022. Uttalar sendast Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk, eller på e-post til post@skjaak.kommune.no. Merk uttalen med sak nr. 2021/1652.
Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post oyvind.pedersen@lom.kommune.no
Vedlegg:
- PLANOMTALE FOR DETALJREGULERINGSPLAN (PDF, 3 MB)FOR FLAUMSIKRING AV BISMO I SKJÅK KOMMUNE
- PLANKART / DETALJREGULERINGSPLAN (PDF, 22 MB) FOR FLAUMSIKRING AV BISMO I SKJÅK KOMMUNE
- Reguleringsføresegner (PDF, 391 kB) for detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo.
- ROS-analyse (PDF, 2 MB)for REGULERINGSPLAN FOR FLAUMSIKRING AV BISMO.
- Sakspapir 1 gongs behandling (PDF, 464 kB)- Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo.
- Oversiktskart (PDF, 851 kB) over flaumsikringsanlegg og turvegar