Flaumsikringsarbeidet i Bismo - status 16. april 2024

Anlegg Øst har denne veka starta opp att med flaumsikringsarbeidet i Bismo.

Flaumsikringsarbeidet i Bismo - statusrapport

Arbeidet vil hovudsakleg bestå av jordarbeid, førebuing for asfalt på gangvegen ved RV 15, montering av rekkverk og generell oppussing av anlegget. Skeisvegen vil bli stengt på oversida av Fjukeninntaket frå og med 22. april 2024. Her vil det bli skilta for omkøyring.

Kontakt

Bernt Dahl
Teknisk sjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 453 13 301