Presentasjon og 3D-modell
Flaumsikring av Bismo
NVE har sendt plan for flaumsikring av Bismo på lokal høyring. Planen går ut på å bygge ein 2250 m lang sikring langs Ottaelva. Den blir laga av tre ulike flaumvollar og ein flaumsikringsmur forbi vassverket. Det må å bli etablert tre pumpestasjonar og drensgrøft på luftsida av flaumvollen. Tiltaket vil sikre Bismo mot 200 års flaum inkludert klimapåslag på 20 %.
Kantvegetasjon og naturstigen langs med elva vil i noko grad bli råka av tiltaket, men påverknad vil bli redusert i så stor grad som mogleg. Turstigen vil etter planen gå oppå flaumvollen på einskilde strekningar.
Kostanden med tiltaket er så langt estimert til 66,5 millionar kroner + mva. Skjåk kommune må venteleg betale om lag 20 % av kostnaden.
Høyringsfrist
Høyringsfrist til Skjåk kommune for lokale innspel til planen er 15. august. Send høyringssvar til post@skjaak.kommune.no / Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk.
Skjåk kommune har frist til 1. september med å sende samla uttale frå den lokale høyringa til NVE.
Vedlegg: Plandokument frå NVE.
- Høring av tiltaksplan 20648 Flomsikring av Bismo, Skjåk kommune (PDF, 662 kB)
- NVEs tiltaksplan-høringsutgave-20648 Flomsikring av Bismo mot Ottaelva, Skjåk kommune, datert 19.05.2021 (PDF, 18 MB)
- Rapport_Hydrauliske beregninger og planlegging av sikringstiltak mot skadeflom, datert 09.04.2021 (PDF, 3 MB)
- Tegning V40 Oversiktskart - nåtilstand (PDF, 12 MB)
- Tegning V41 Oversiktskart - planlagte tiltak (PDF, 12 MB)
- Tegning V50 Lengdeprofil (PDF, 7 MB)
- Tegning V60 Tverrprofiler ved 0+110 og 0+810 (PDF, 386 kB)
- Tegning V61 Tverrprofiler ved 1+370 og 1+730 (PDF, 390 kB)
- Tegning V62 Tverrprofiler ved 2+460 og 2+887 (PDF, 346 kB)
- Vedlegg 1 - Hydraulikk (PDF, 2 MB)
- Vedlegg 2 - Grunnundersøkelser (Rapport 2623-R) (PDF, 49 MB)
- Vedlegg 3 - Dreneringsvann (PDF, 2 MB)
- Vedlegg 4 - Kostnadsestimat (PDF, 170 kB)