Varaordføraren overrekte pengegåve til velgjerdssykkellag Syklistane i velgjerdssykkellaget Team Rynkeby fekk med seg ei pengegåve frå varaordførar Kristen Haugen Dagsgard da dei passerte Skjåk denne veka. Team Rynkeby - God morgon er eit internasjonalt velgjerdssykkellag som syklar til Paris kvart år til fordel for barn med kritisk sjukdom. Turen avviklast i år for 20. gong, og her i Norge går pengane dei samlar inn på turen til barnekreftforeninga. Denne veka passerte syklistane Skjåk, og varaordførar Kristen Haugen Dagsgard møtte dei ved Billingen Seterpensjonat for å overrekke ei pengegåve fra Skjåk kommune som støtte til den gode saka. Sist endret 16.07.2021 09.02