Skjåk kommune søkjer 4 personar med fagbrev eller svennebrev
I samarbeid med Mesterbrevnemnda og Folkeuniversitetet kan vi tilby mesterutdanning på berre 15 månader tilpassa estetiske fag, matfag, grafiske fag, møbel- og trefag, verkstadfag og bilfag.
Mesterutdanning er ei leiarutdanning for deg med fagbrev eller svennebrev. Under har vi sett opp ei oversikt over dei fagområda du skal innom – kompetanse som er viktig for å drive ei verksemd. Du kan også lese meir om utdanninga på folkeuniversitetet.no.
Skjåk kommune er opptatt av at deltakarane i Mesterbrevpiloten for Skjåk skal få ei solid vidareutdanning innafor fagfeltet som dei har fagbrev i, samt å utvide sosialt og fagleg nettverk. Skjåk kommune er opptatt av å leggje til rette for satsing på kunnskap og kompetanse. Det er en sterk oppfatning at det er lov å lykkast i Skjåk og prosjektet skal vere med på å forsterke at Skjåk er ei gründerbygd, der vi ønskjer fleire nyetableringar velkommen. Skjåk kommune ønskjer å vere innovative og er villige til å teste ut nye prosjekt og løysingar. Vi satsar på kompetanse for å ta vare på god arbeidskraft. Prosjektet er ein test opp mot det å leggje til rette for å gje ungdommen moglegheit til å ta rett utdanning som kan føre til arbeid i Skjåk.
Praktisk info:
Skjåk kommune dekkjer studieavgifta. Du dekkjer kostnad for reise og opphald på samlingar. Føresetnaden er at du fullfører utdanninga og at du brukar kunnskapen du får i Skjåk i minimum to år etter at utdanninga er ferdig.
- Studiet er ein kombinasjon av nettstudiar, webinar, helgesamlinger og individuell oppfylging.
- Studiestart er 12. mars – innlevering mesteroppgave 31. mai 2023
Send en kort søknad til post@skjaak.kommune.no innan 20. februar 2022.
NB: Med atterhald om at prosjektet blir vedteke i Formannskapet den 15. februar.
Andre vedlegg: