Reiselivssamling - del 1
Skjåk kommune har initiert ein prosess for og av reiselivs- og opplevingsnæringa i Skjåk. Den overordna målsettinga er auka verdiskaping for næringa, med eit samla og sterkt reiseliv og Skjåk som destinasjon.
Fyrste fase i dette arbeidet er eit såkalla forstudie der hovudformålet er å bygge ei felles forståing og forankre potensialet i eit strategisk samarbeid. Gjennom prosessen skal reiselivsaktørane få ei felles forståing av kva slags turisme vi har i dag, samt kva ressursar og moglegheiter vi har med tanke på vidare utvikling. Forstudiet er oppstarten av ein mogleg Masterplan-prosess der formålet er å utarbeide ein heilskapleg strategi for utvikling av reiselivet i kommunen.
I forstudiet er det lagt opp til to samlingar for reiselivs- og opplevingsbedriftene. Den fyrste samlinga vart gjennomført i slutten av april med god oppslutning. Diskusjonane rundt borda var både gode og konstruktive, med fokus på å identifisere moglegheiter og utfordringar for reiselivsnæringa og Skjåk som destinasjon.
Neste samling er 30. mai kl. 18 - 21. Meir informasjon vil bli sendt ut i forkant av samlinga.
Les også: Invitasjon til reiselivs- og opplevelsesbedriftene i Skjåk
Hilde Kielland/Skåppå