Ope landbruksmøte 26. april
Den økonomiske situasjonen i landbruket er svært krevjande, og usikkerheit pregar næringa før årets vekstsesong. Landbruket er hovudsakleg ei statleg styrt næring, men kva kan kommunane bidra med for å avhjelpe den utfordrande situasjonen for landbruksnæringa i Lom og Skjåk?

OPE LANDBRUKSMØTE
Landbrukskontoret i Lom og Skjåk inviterar gardbrukarar, rådgjevarar, politikarar og andre interesserte til eit ope landbruksmøte for å diskutere tiltak og løysingar for dei utfordringane landbruket no står i.
- Stad: Marlo Grendehus
- Tidspunkt: Tirsdag 26. april kl. 19.30 - 22.00
PROGRAM
- Velkomen v/Edel Kveen, ordførar i Skjåk kommune
- Status før årets jordbruksforhandlingar v/Bengt Fasteraune, stortingsrepresentant (Sp)
- Den økonomiske situasjonen i landbruket v/Sparebank 1 Lom og Skjåk og faglaga i landbruket
- Bondehelse i tøffe tider v/Turid Grimsbø Snerle, Landbrukskontoret i Lom og Skjåk og Norsk Landbruksrådgiving
- Diskusjon: kva kan kommunane bidra med?
- Oppsummering
Servering av kaffe og kveldsmat.
Vel møtt!
Sist endret 25.04.2022 09.00