Ny næringssjef i Skjåk kommune
Skjåk kommune har tilsett ny næringssjef etter at Sølvi Lemstad Hiller trekte seg frå stillinga ved nyttår av naturlege årsaker. Tea K. Mork har takka ja og tiltrer stillinga 1. mai 2025.
Ho har den siste tida jobba tett med næringskontoret gjennom å vere prosjektleiar i "Sats på Skjåk". Det var fleire aktuelle kandidatar, og det vart gjennomført to intervjurundar der siste runde handla om å løyse tre caser som var relevante for stillinga. Gjennom denne runden visste ho svært gode kvalitetar som gjorde at ho vart tilbydd stillinga som den beste kandidaten i "bunken" basert på utdanning, arbeidserfaring og case-løysingar.
Vi har store forventningar til Tea K. Mork i den nye rolla hennar, og håpar næringslivet også tek godt imot Tea.
Næringssjef Tea K. Mork
Skjåk kommune
Publisert 04.04.2025 09.20
Sist endret 04.04.2025 10.38