Kurs i bruk og vedlikehald av motorsag
Kurset er tilpassa sikkerheitskrava for dokumentert opplæring når "normale" felle- og kvisteoperasjonar skal utførast med motorsag. Arbeidstilsynets forskrift om "Utførelse av arbeid" av 1.januar 2013 set krav til sikkerheitsopplæring.
Etter gjennomført kurs får deltakarane kursbevis med spesifikasjon av opplæringas innhald. Beviset er deltakarens og arbeidsgjevars dokumentasjon på sikkerheitsopplæringa. Kursmateriellet gjev kunnskap om sikkerheit og anbefalingar om bruk av utstyr og utøve av arbeidet. Saman med kursinstruktør kombinerast teori med praktiske øvingar.
Målgruppe
Kurset er tilrettelagt for brukare av motorsag, både innanfor landbruk/skogbruk og tilsette innan e-verk, vegvesen, jernbaneverket, parkvesen m.fl .
Emnar for kurset
Vedlikehaldsrutinar og sjekk av saga si verneutrustning, samt personleg verneutstyr
· Sikkerheitsreglar ved bruk av motorsag
· Grunnleggande bruk av motorsag og arbeidsteknikk
· Sikker felling, kvisting og nedtaking av festfelte trær, samt bruk av hjelpeutstyr
· Sikker kapping av trestammar
· Praktiske øvingar
Varigheit og praktisk informasjon
Kurset vert gjennomført over to helgedagar, med instruktør frå Skogkurs. Laurdagen er inne på Felleskjøpet sin verkstad med fokus på vedlikehald. Søndagen er ein utedag med praktiske øvingar. Det vert lagt stor vekt på sikkerheit. Deltakarane brukar eigen motorsag og godkjent verneutstyr for skogbruk. Det er mogleg å låne utstyr dersom ein seier frå i god tid. Kvart kurs har maks 6 deltakarar.
Eigenandelen for kurset er kr 500,-. Resten vert dekka av Ottadalen Mølle, Sparebank 1 Lom og Skjåk og Landbrukskontoret i Lom og Skjåk.
Felleskjøpet stiller med verkstadlokale og naudsynte fasilitetar. Enkel servering begge dagar er inkludert i prisen.
Aldersgrense for kurset er 15 år.
Send påmelding til e-postadresse
pal.skjak.haugen@skjaak.kommune.no
eller på telefon 90 91 65 79. Her er det fyrst til mølla som gjeld!
Påmeldinga er bindande.