Krafttak for grøn vekst
Krafttak for grøn vekst er ei felles satsing mellom privat og offentleg sektor med mål om å skape nye grøne og smarte arbeidsplassar. Det er Skåppå saman med energiselskapa i Gudbrandsdalen, deriblant Skjåk Energi og Sparebank 1 Gudbrandsdal og Sparebank 1 Lom og Skjåk, som har tatt initiativ til dette prosjektet. På sin visitt i Skjåk fekk styringsgruppa for satsinga anledning til å besøke ulike aktørar som står midt i ei grøn omstilling, og som grip dei moglegheitene dette gjev.
Skjåk Biovarme
Skjåk Biovarme nyttar eit produkt, som tidlegare har vore utfordrande å bli kvitt, til produksjon av energi. Bak av tre frå skogen i Skjåk blir kutta opp til tørr og fin flis og mata inn i flisfyringsanlegget som forsyner over 2 GWh energi til ulike bygningar i Bismo. I følgje Jo Trygve Lyngved som er dagleg leiar i Skjåk Almenning er anlegget svært driftssikkert og gjev stabil produksjon av energi.
Stryvo Bismo
Stryvo Bismo opplever auka etterspurnad etter produkta dei leverer og har auka bemanninga dette året. Stryvo har vore ein etterspurt produsent av utstyr og produkt til olje- og gassindustrien, men konsentrerer seg no i større grad om å levere fleire typar produkt og tenester til vind- og vasskraftindustrien, og ulike konstruksjonar til bygg- og anleggsbransjen. Stryvo Bismo har gjort fleire energisparetiltak i anlegget ved å skifte glas og ventilasjon. Bedrifta har ei grøn satsing både i anlegget sitt i Skjåk og i produkta og tenestene dei leverer.
Glasopor
Glasopor er framstilt av 100 % resirkulert glasemballasje som er samla inn frå hushaldingar i heile Noreg. Glasopor-fabrikken i Skjåk har vorte ombygd til el-drift med sertifisert, kortreist straum. Glasopor er det desidert mest miljøvennlege alternativet for lette fyllmassar på marknaden. Eit nytt transportband i fabrikken er under oppføring.Nytt transportband under oppføring på Glasopor
Marianne Stensgård
Interfil
Interfil har gjennomført store investeringar det siste året. Bedrifta er i gang med produksjon av pleatfilter som dei tidlegare måtte kjøpe frå Tyskland, og ein ny stor lager- og ekspedisjonshall står om kort tid ferdig. Styringsgruppa foran den nye hallen til Interfil
Marianne Stensgård
Interfil har utelukkande nytta lokale entreprenørar til oppføringa av den nye hallen. Den auka satsinga i bedrifta har resultert i fleire tilsette dette året.
Produksjonssjef Terje Bosmen på Interfil
Marianne Stensgård