Informasjon om beitesesongen 2023

Det nærmar seg beiteslepp og i samband med dette blir det sendt ut eigen mail til beitebrukarane.

Utmarksbeitet er ein viktig ressurs for landbruket, men som dykk er kjende med, har vi mykje freda rovvilt i Lom og Skjåk. Vi må gjere det vi kan for å redusere tapet til rovdyr. Dette krev mykje av den enkelte beitebrukar.

Det er tilsett eigne beitetilsyn i både Lom og Skjåk som går utvida tilsyn i tillegg til det beitebrukarane skal gå sjølv.

Det er viktig at alle har ein beredskap om ein kjem i ein situasjon der ein må sanke ned dyra tidlegare enn planlagt. Legg ein plan for korleis dette skal løysast med transport, beite, fôr, slaktetidspunkt og oppfylging av dyr.

Ved funn av skada eller drepne dyr, meld dette umiddelbart til SNO sin rovviltkontakt for å dokumentere årsak. Dette er viktig både for å utløyse akuttmidlar, søkje om skadefellingsløyve og ved søknad om erstatning for husdyr tekne av rovvilt.

Det er og viktig å melde frå til landbrukskontoret sin vakttelefon med ein gong det er mistanke om unormal aktivitet i flokken, eller ein observerer skada eller drepne dyr. Meld og frå ved synsobservasjon av rovdyr.

Kontaktinformasjon: