Helseoppfølging for beitebrukarar med rovvilttap - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Helseoppfølging for beitebrukarar med rovvilttap

AdobeStock_434295641.jpeg - Klikk for stort bildeBeitebrukarar lir i år store tap til rovvilt i Lom og Skjåk, og det er no høgsesong for tap til jerv. Det er ei stor belastning for gardbrukaren sjølv og dei næraste rundt. Vi vil derfor minne om kommunane sitt helsetilbod for dei som treng nokon å prate med. 

Om kommunane sitt helsetilbod

For å bruke helsetenester som fastlege, psykisk helseteneste og helsestasjonen er det berre å ringe tenestene. Fastlege kan du kontakte via helsenorge.no dersom du ønskjer å sende ei skriftleg henvending. Born og unge kan ta kontakt med skulehelsetenesta om dei har behov for ei samtale.

Telefonnummer: