Har du ei bedrift i Skjåk med vekstpotensial? Her er ei unik moglegheit! - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Har du ei bedrift i Skjåk med vekstpotensial? Her er ei unik moglegheit!

Har du ei bedrift med vekstpotensial, motivasjon til forandring og evne til gjennomføring? Da kan din bedrift bli utvalt til å delta på Innovasjon Norge sitt utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter (SMB-utvikling)!

Skjåk kommune er, saman med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdal, invitert med i eit regionalt næringsutviklingsprosjekt knytt til omstillingsprosjektet i Sel kommune.

Konkret betyr dette at Skjåk kommune kan tilby ei bedrift å delta i SMB-utvikling hausten 2022. Bedrifta må gå inn med ein eigenandel på kr. 5000. Resterande blir finansiert av Skjåk kommune (kr. 50 000) og omstillingsprogrammet (kr. 40 000). (dersom bedrifta blir plukka ut)

Totalt vil ca. 20 bedrifter frå regionen delta i SMB-utvikling, som startar opp hausten 2022, og varar i 6-8 månadar. SMB-utvikling skal bidra til å skape vekst, og består av rådgivingsteneste og hjelp til å utarbeide prosjektplanar for utvikling. Det er bedrifta Fossekall som er innleigd som konsulent.
Her kan du lese meir om verktøyet.  

Interessert?

Kommunen vil velje ut ei bedrift som får sjansen til å delta, basert på følgjande vilkår:  

  • Bedriften må ha eit ynskje / mål om vekst
  • Vekstpotensialet må vere til stades (marked etc.)
  • Det må være vilje og evne (ressursar) i bedriften til å jobbe med utviklingsprosjektet gjennom prosjektperioden
  • Vekstplanen må ha ein sysselsettingseffekt, dvs. flere arbeidsplasser eller sikre eksisterande.

Er dette noko for deg? Skriv ein kort tekst om kvifor akkurat DIN bedrift fortener denne moglegheita, og gjerne litt om potensialet / motivasjonen for å delta. Send det til roger.johansen@skjaak.kommune.no innan 19. september.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål!

Kontakt

Roger Johansen
Kommunalsjef
Telefon 415 13 687