Gjerdeplikt
Eit gardsbruk har oftast gjerdeplikt for ulike gjerdestrekningar, noko du må få oversikt over ved overtaking, eller leige av landbrukseigedomar. Vanleg gjerdehald utanfor offentleg veg og jernbane er regulert av lov om grannegjerde. Ver obs på at ein kan vere pålagd gjerdeplikt gjennom skylddeling, skjønn, utskifting/jordskifte eller avtale.
Alle som er pålagt gjerdeplikt pliktar å oppretthalde gjerdinga fram til du eventuelt vert friteken for gjerdeplikta ved avtale eller gjerdeskjønn. Det at du ikkje lenger driv med husdyr, fører altså ikkje til at gjerdeplikta sluttar å gjelde. Gjerdeplikta kviler nemleg på grunneigaren som eig eigedomen. Å eige ein gard fører med seg plikter, ikkje berre rettar. Ved leige av landbrukseigedomar er det viktig å avklare kven som har ansvar for at gjerda blir halde ved like. Dette bør vere med som eit eige punkt i den skriftlege leigekontrakten.
Vi ber grunneigarar i Lom og Skjåk om å sjå over gjerda sine. Dårleg gjerde kan føre til skade på beitedyr og eigedom.
Krav til vedlikehald av gjerder
Dyrevelferdslova set krav om at gjerder skal haldast ved like slik at ikkje ville dyr eller husdyr blir utsett for fare. Mattilsynet kan gjere vedtak om fjerning eller istandsetting av gjerde som er til fare for beitande etter pålegg, jf. § 15 i dyrevelferdslova.
Landbrukskontoret minnar om at det er forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr, og ved vedlikehald av eldre gjerde skal det ikkje nyttast piggtråd. Eldre piggtrådgjerde som er opplagt farlege for dyr, skal fjernast.
I Lom og Skjåk kan du søkje tilskot for å ta ned gamle piggtråd- eller trådgjerde gjennom SMIL-midlane.
Takk for at du vedlikeheld gjerdet og vegetasjonen rundt!