Fagmøte om lønnsam utvikling av garden 21. februar - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Fagmøte om lønnsam utvikling av garden 21. februar

Bakgrunn og målgruppe: små- og mellomstore mjølk- og storfekjøttbesetninger som skal løyse lausdriftskravet, men og andre med ønske om vidare utvikling av eigen gard. 

 

Foto: Augeblikk Studio

Fagmøte om lønnsam utvikling av garden

Du er velkomen til fagmøte den 21. februar på Skjåk Turistheim kl. 11-14 eller på Lesja kulturhus kl. 19-21.30. Kom på det møtet som passar best, og ta gjerne med deg den påtroppande generasjonen. 

 

Program

  • Velkomen! Ved landbruksrådgjevar Kristin Smågård (dagmøte), leiar landbruk Kari Anette Slettahaug (kveldsmøte)
  • Lønnsam utvikling av garden gjennom langsiktig planlegging og trinnvis bygging ved Lars Erik Ruud/Innlandsfjøsprosjektet
  • Finansiering av fjøs ved Innovasjon Norge/Tom-Arild Fredriksen
  • Enkel bevertning
  • Erfaring frå ombygging ved lokal mjølkeprodusent
  • Presentasjon av lokalt rådgjevingstilbod: Tine, NLR, Nortura

 

Det blir sett av tid til å stille spørsmål til innleiarane. 

Gratis deltaking. 

Påmelding på https://nettskjema.no/a/394100  seinast 19. februar på grunn av bevertning. 

Vel møtt!

Arrangørar: Landbrukskontora i Nord-Gudbrandsdalen, Innlandet fylkeskommune, Statsforvaltaren i Innlandet, Tine rådgiving, Norsk Landbruksrådgiving Innlandet, Nortura, Innovasjon Norge Innlandet, Innlandsfjøs-prosjektet