Fagmøte for storfeprodusentar 8. november

Prosjektet "Laus ku og framtidstru" inviterer alle interesserte til fagmøte om lønnsam tilpassing til lausdriftskravet den 8. november. 

Møtestad: Fjellsenteret i Lom

Tidspunkt: 8. november kl. 10.00 – 14.00

Påmelding: Sms til 93229458 innan 1/11

 

 

PROGRAM

10.00 Velkomen

10.10 Lønnsam tilpassing til lausdriftskravet

Lars Erik Ruud, prosjektleiar for Prosjekt Innlandsfjøset

Prosjekt Innlandsfjøset er eit initiativ som har til formål å finne lønnsame byggeløysingar – spesielt for dei som skal bygge mindre lausdriftsfjøs enn 30 båsplassar. Lars Erik Ruud, førsteamanuensis ved Høgskolen i Innlandet, er leiar for dette prosjektet. Han har mykje erfaring og kompetanse rundt byggeprosessen, og korleis ein kan gjere gode økonomiske val undervegs i planlegginga av fjøs. Lars Erik si tilnærming til å gjere investeringar på garden er å starte med dei ressursane ein har tilgjengeleg og finne gode løysingar som er tilpassa føresetnadane på den enkelte gard. Stikkord her er gjenbruk av eksisterande byggmasse og trinnvis utbygging over tid. Lars Erik vil og fortelje litt om samarbeidet med leverandørar av fjøs for å utvikle rimelege konseptløysingar på mindre bruk.

Les meir om Prosjekt Innlandsfjøset | Artiklar frå Prosjekt Innlandsfjøset i Buskap

11.30 Lunsj

12.20 Tilskot til investeringar

Tom Arild Fredriksen, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge

Tom Arild vil informere om Innovasjon Norge sine tenester, og gå litt nærare inn på kva Innovasjon Norge legg vekt på når dei behandlar søknadar om investeringstilskot og korleis dei vurderer lønnsemd i utbyggingsprosjekt. I tillegg vil han seie litt om Innovasjon Norge si prioritering av bruk i storleiken 15 - 30 årskyr.

13.10 Finansiering i utbyggingssaker

Iren Nystuen, Landbruksansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk

13.30 Speed-date med innleiarane 

14.00 Avslutning