Bli med på nabobesøk til næringslivet i Stryn Skjåk kommune på nabobesøk til Stryn Eit tettpakka program Skjåk kommune inviterte alle som er interesserte i næringsutvikling i Skjåk til å bli med på nabobesøket til Stryn den 29. oktober. Samarbeid var tema for besøket, og både næringslivsaktørar, politikarar og folk frå administrasjonen fekk mellom anna eit innblikk i korleis næringslivsaktørar i Stryn samhandlar med kvarandre og med kommunen. Programmet for dagen starta ved ved Stryn vidaregåande skule og ble avslutta på Hoven i Loen. I Stryn presenterte stryneverksemdene Nomek ved, Vendanor ved, Norva24 og Stryvo seg sjølve. (Stryvo er etablert både i Stryn og Skjåk). På Hoven i Loen vart det lunsj og diskusjonar om næringsliv og reiseliv. Reislivsbedrifene Nasjonalparkriket Reiseliv og Visit Nordfjord presenterte seg sjølv og deira planar. Fjordingen med flott artikkel frå besøket i Stryn (bak betalingsmur) Program for nabobesøk til Stryn (PDF, 105 kB) Publisert 08.11.2021 10.40