Kven skal få Skjåkprisen og Kulturstipend for 2024?

Kjenner du nokon som fortener ei merksemd som Skjåkprisen eller Kulturstipend? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka innan fristen, 20. oktober 2024.

Kven skal få Skjåkpris og Kulturstipend for 2024? 

SKJÅKPRISEN

Prisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt, og kan tildelast innafor områda: kunst og kultur, idrett og fritid, handverk og industri, natur og miljø, samfunnsengasjement, næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk, eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post: post@skjaak.kommune.no eller send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka.  

Frist for innsending er 20. oktober 2024.

KULTURSTIPEND

Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. " Det utvida kulturomgrepet omfattar både det tradisjonelle området: litteratur, kunst og kulturvern, ungdomsarbeid og idrett, men også skapande fritidsverksemder der ein kan vise eigne anlegg og interesser"

  • Det kan søkjast på stipendet
  • Det kan fremjast forslag på kandidatar til stipendet

Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen.
Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post: post@skjaak.kommune.no , eller send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Frist for innsending er 20. oktober 2024.

Ved spørsmål: Kontakt Skjåk kommune v/Marianne Stensgård på tlf 90941702  eller epost: marianne.stensgard@skjaak.kommune.no

Kandidatforslag til Skjåkprisen og kulturstipend

Frist for innsending er 20. oktober 2024
 

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702