I år er det 200 år sidan den sensasjonelle oppdaginga i Skjåk. Kom og høyr professor og forfattar Geir Hestmark halde eit foredrag om hendinga på Skjåk Folkebibliotek onsdag 15. november kl. 19. Det er gratis inngang!«Istida vart oppdaga i Skjåk» - Foredrag med forfattar Geir Hestmark!I år er det 200 år sidan den sensasjonelle oppdaginga i Skjåk. Kom og høyr professor og forfattar Geir Hestmark halde eit foredrag om hendinga på Skjåk Folkebibliotek onsdag 15. november kl. 19. Og det er gratis inngang! Han vil også prate om boka si, "Istidens oppdager", som er kåra til ei av skandinavias beste sakprosabøker etter år 2000.Litt om hendinga:SENSASJONELL OPPDAGING I SKJÅKEin septemberdag i 1823 kom ein beskjeden eldre professor og to læresveinar attende til Christiania etter tre månaders rundreise i Norge. På vegen hadde dei snubla over den største vitskapelege oppdaginga som nokon gong er gjort i norsk natur: Dei hadde oppdaga Istida - i Skjåk!Otto Tanks moreneDette skjedde nærare bestemt i Raudalen, 1 km vest for ytste Leirvatnet. Professor Jens Esmark og læresveinane Niels-Otto Tank og Jan The+odor Kielland oppdaga ein morenerygg som låg på tvers over dalen. Den ligg parallelt med, men litt bortanfor brekanten til Raudalsbreen som er ei grein av Sikilbreen. VerdsarvProfessor ved Universitetet i Oslo, Geir Hestmark, meiner at hendinga er ei så sensasjonell oppdaging, at Otto Tanks morene bør stå på UNESCO si verdsarvlist, og at Jens Esmark si oppdaging av Istida er den mest revolusjonerande vitskapelege oppdaginga som er gjort med utgangspunkt i norsk natur.Velkomne til Skjåk folkebibliotek, onsdag 15. november 2023!Gratis inngang! Sist endret 04.09.2024 12.06