Reguleringsplan gang- og sykkelveg ved Dønfoss camping - Melding om planvedtak.

Bilde av veg og kryss ved Dønfoss - Klikk for stort bilde Statens Vegvesen

Kommunestyret i Skjåk gjorde 31.08.2023 i sak 2023/59 vedtak om å godkjenne detaljreguleringsplanen for gang- og sykkelveg ved Dønfoss camping (planid. 34330006). Planen omfattar om lag 450 m med ny gang- og sykkelveg og ny parkeringsplass.

Reguleringsplan gang- og sykkelveg ved Dønfoss camping - Melding om planvedtak

Kommunestyret i Skjåk gjorde 31.08.2023 i sak 2023/59 vedtak om å godkjenne detaljreguleringsplanen for gang- og sykkelveg ved Dønfoss camping (planid. 34330006). Planen omfattar om lag 450 m med ny gang- og sykkelveg og ny parkeringsplass. 
Planområdet ligg på Dønfoss, langs fylkesveg FV2650 – Nordberg solside, mellom Dønfoss camping og Øyberget kraftverk. Reguleringsplanområdet strekk seg frå krysset mot RV15 til austre avkøyrsla til Dønfoss camping/veg mot utlaupet frå kraftverket. Planområdet ligg på begge sider av fylkesveg FV2650, og er på om lag 25 dekar.  Kartfiguren under viser lokaliseringa av planområdet. 

Reguleringsplan gang- og sykkelveg ved Dønfoss camping - Melding om planvedtak. - Klikk for stort bildeKartfigur 1: Grensa for planområdet er vist med svart stipla strek. Skjermdump

Planarbeidet har bakgrunn i behov for å betre trafikktryggleiken i området ved Dønfoss camping. Planarbeidet er ei oppfølging av arealbruk fastsett i kommuneplanens arealdel vedteken 24.06.2021, der det er vedteke utlagt trase for ny gang- og sykkelveg langs fylkesvegen frå riksvegkrysset til avkøyrsla til Øyberget kraftverk/besøkssenter. I samband med reguleringsplanlegginga for Øyberget næringsområde vart det gjort vedtak om forlenging av planområdet austover, slik at dei to planane til saman opnar for bygging av gang- og sykkelveg på heile strekninga fram til den planlagde avkøyrsla til det ny næringsområdet. 
I den vedtekne planen er det regulert inn ein ny parkeringsplass nord for fylkesvegen tvers ovanfor hovudinnkøyrsla til Dønfoss camping. Dette er gjort etter ønske frå campingplassen som har behov for fleire parkeringsplassar - først og fremst for gjestar til restauranten/kafeen. Arealet der parkeringsplassen er planlagd ligg på grunn til Skjåk Almenning.

Den vedtekne reguleringsplanen omfattar følgjande dokument, som ligg som vedlegg til denne artikkelen:

  1. Utskrift av sakspapira for behandlinga av saka med vedtak i kommunestyret (PDF, 2 MB).
  2. Planomtale (PDF, 6 MB)
  3. Reguleringsplankart (PDF, 386 kB)
  4. Planføresegner (PDF, 762 kB)
  5. ROS-analyse (PDF, 4 MB)

Plankartet er dessutan lagt inn i digital reguleringsplanbase, og ein kan sjå kartet og hente opp plandokumenta via kommunen si kartinnsynsløysing GeoInnsyn via fanen Plan og Gjeldande reguleringsplan.
Ein kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen. Eventuell klage sendast Skjåk kommune innan 3 veker etter kunngjeringa.
 

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678