Lom og Skjåk tildelingskontorTreng du, eller nokon du kjenner, tenester frå Pleie og omsorgstenesta i Lom eller Skjåk, skal dei ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor.Korleis kontakte tildelingskontoretTildelingskontoret for Lom og Skjåk har ikkje ope for publikum, men kan gjere avtale med innbyggjarar etter behov. Dette kan vere rådgjeving, hjelp til å fylle ut søknadar/ klagesakar og anna. Ynskjer du å møte ein saksbehandlar skal dette avtalast på førehand, anten på telefon eller e-post: tildelingskontoret@skjaak.kommune.no Telefon saksbehandlar Skjåk: 90 56 22 91Telefon saksbehandlar Lom: 94 84 87 24Telefon saksbehandlar vederlagsberekning Lom og Skjåk: 48 20 64 34Kva er tildelingskontoret?Tildelingskontoret fattar vedtak om tenester ut frå gjeldande lovverk og Kvalitetsstandardane for tildeling av tenester i Pleie- og omsorg i Lom og Skjåk kommune. Dei har eit tverrfagleg samarbeid med Skjåkheimen, Helseheimen i Lom, heimetenestene, fastleger og andre relevante partar. Her kan du sjå Skjåk kommunes kvalitetsstandard for tildeling av tenester (PDF, 2 MB)Her kan du sjå Lom kommunes kvalitetsstandard for tildeling av teneste (PDF, 2 MB)Diverse søknadsskjema:Les og last ned Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 839 kB)Les og last ned skjema for tildeling av kommunalbustad, omsorgsbustad og flyktningebustad.Tildelingskontoret saksbehandlar søknadar om desse tenestene:Avlastningstiltak (t.d. døgnopphald eller støttekontakt)Døgnopphald på sjukeheimRehabilitering (t.d. i form av døgnopphald eller kvardagsrehabilitering)Praktisk bistand til reinhald eller andre oppgåver i heimenHeimesjukepleie til helsetenester i heimenVelferdsteknologi (t.d. tryggleiksalarm og medisindispenser)Personleg assistentBPA (Brukarstyrt personleg assistanse)StøttekontaktButilbod (t.d. omsorgsbustad eller bufellesskap)Dagsenter (t.d. dagtilbod for demente eller utviklingshemma)Habilitering (t.d. i form av miljøarbeid i heimen)Individuell plan og ansvarsgruppeLedsagerbevis. Les om digitalt ledsagarbevis på vedlagt lenke MatombringingOmsorgsstønadParkeringsbevis for forflytningshemma (Søknadsskjema kan du få på tildelingskontoret.)Prisar på tenester finn du under menypunkt Gebyrer Publisert 28.05.2020 15.50 Sist endret 15.03.2024 12.44