Skjåk kommune har starta med digitale ledsagarbevis - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Skjåk kommune har starta med digitale ledsagarbevis

Skjåk kommune har starta med digitale ledsagarbevis. Dette gjer det enklare for innbyggjarar som treng støtte, å delta på kulturelle og offentlege arrangement gratis med ein ledsagar.

Skjåk kommune har starta med digitale ledsagarbevis

Skjåk kommune har starta med digitale ledsagarbevis. Dette gjer det enklare for innbyggjarar som treng støtte, å delta på kulturelle og offentlege arrangement gratis med ein ledsagar.  Skjåk er den 30 kommunen i Noreg som bruker denne løysinga. Målet vårt er å lage eit meir inkluderande og tilgjengeleg samfunn.

Med det digitale ledsagarbeviset kan du ta med ein ledsagar på arrangement. No kan du òg få beviset digitalt i ein app, så du alltid har det med deg på mobilen. Du kan sjå beviset på nett òg. 

Kommunane vil halde fram med å tilby fysisk ledsagarbevis, altså eit papir- eller plastkort som du kan få i posten.

For å bruke det digitale ledsagarbeviset, må kommunen din leggje deg til. Kontakt kommunen din for å få tilgang.

Les meir om Digitalt ledsagarbevis

Last ned digitalt ledsagarbevis

Kontakt

Kathrine Brandsar
Saksbehandlar tildelingskontoret
Telefon 948 48 724
Ann Kristin Auale
Saksbehandlar Tildelingskontoret
Telefon 905 62 291
Mobil 905 62 291