Vikariat som fysioterapeut i 100% stilling

Ledig vikariat frå 01.01.25 til 31.07.25. Søknadsfrist: 04. desember.

Er du den som har lyst til å erfare vinter mot sommar midt i Innlandet? Som vil være ein del av ein "luggum" ergo- og fysioterapeutgjeng i kommunane Lom og Skjåk?

Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av  2 årsverk ergoterapistilling og 4,3 årsverk fysioterapistilling, samt 80% fysioterapeut m/ driftsavtale. Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt og kommunalt hjelpemiddellager i båe kommunane. Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar.  Oppmøtestad vil vera hovudsakleg i Skjåk, og ved behov i Lom.

Det er ledig vikariat som fysioterapeut frå 01.01.25 fram til 31.07.25, med moglegheit for forlenging.  

Arbeidsoppgåver:
•    Helsefremjande, førebyggjande og kurativ fysioterapiverksemd for alle aldersgrupper
•    Gruppetilbod for barn, ungdom og vaksne
•    Rehabilitering og habilitering
•    Prosjektleiar etablering av frisklivssentral (40%) 
•    Hjelpemiddelformidlar


Kvalifikasjonar:
•    Autorisert fysioterapeut
•    Beherskar norsk munnleg og skriftleg. Nynorsk er skriftspråk i kommuna. 
•    Krav om politiattest
•    Førarkort kl B


Kven er du? 
Me søkjer deg som er strukturert og jobbar sjølvstendig. Du trivst med å jobbe saman med både brukarar og fagpersonar. Du er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør. Du er fleksibel, og har interesse for å vidareutvikle tenestetilbodet. 
Lom kommune har som visjon å vere gjestfritt og nyskapande, med atferdskrav som løysingsorientert, offensiv og inkluderande.

Lom ligg nært fleire nasjonalparkar. Området har gode moglegheiter for naturopplevingar i spektakulær natur og ligg i hjartet av Jotunheimen nasjonalpark. Vi håpar å høyre frå deg!

Det er ynskjeleg med snarleg oppstart i stillinga. Personlege eigenskapar blir vektlagt. 
Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk, Sivert Jonassen tlf. 48 16 55 20.


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no

Søknadsfrist: 04.12.24