Vikariat som fastlege ved Skjåk legesenter

Skjåk kommune har ledig vikariatstilling som fastlege i 80% stilling frå d.d. til 01.05.2025.

Vikariatet kan bli forlenga. Fastlegeheimelen har for tida ansvar for 630 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale – per nå helsestasjonsarbeide 2-3 timar per veke. I tillegg blir du ein del av det regionale legevaktsamarbeid mellom dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Den regionale legevakta er lokalisert ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.

Skjåk legesenter er lokalisert på kommunehuset i Bismo med 3,2 legeheimlar og LIS1 (turnuskandidat).  

Krav til kompetanse

  • norsk autorisasjon som lege
  • gjennomført norsk turnusteneste
  • gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
  • gode kommunikasjonsevner
  • det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
  • søkjar må ha førarkort
  • ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Regelmessig rettleiing  gjennom heile tilsettingsperioden
  • Eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og fagleg utvikling
  • Pensjonsordning i KLP

 

Ved tilsetting er det krav om politiattest.

Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 482 94 126, eller tenesteleiar for helse Eli Skjåk Teigum 902 41 735 . 

 Søknadsfrist 28. november 2024

  • Elektronisk søknadsskjema 
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. 

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Eli Skjåk Teigum
Tenesteleiar/helsesjukepleiar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 902 41 735

Tenesteleiar for helsestasjon, jordmor og legekontoret.