Ledig 100 % stilling som sjukepleiarSkjåk kommune har ledig 100 % stilling som sjukepleiar, stillinga er for tida i 3-delt turnus. Søknadsfrist: fortløpande.ArbeidsområdeSkjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen. Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen. Andelen tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid. KvalifikasjonarGodkjent sjukepleiar med norsk autorisasjonFørarkort klasse BGodkjent politiattest Vi vektlegg at duer motivert for å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde kvardagsmestring hjå brukaraneer fagleg engasjert og vil halde deg oppdatertviser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardagsamarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spes.helsetenestahar godt humør og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljøhar god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråkhar evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målrettahar erfaring frå liknande arbeidhar generell forståing for bruk av informasjonsteknologidokumenterer i høve til lover og forskrifterPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyrTilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtalePensjonsordning Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i.Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.Fortløpande søknadsfrist!Elektronisk søknadsskjemaSøkjarlista vil bli offentleggjort Kommunedirektøren Sist endret 18.12.2024 12.54