Lærling brannførebyggar i Lom og Skjåk brannvesen

Lom og Skjåk brannvesen har ledig læreplass i brannførebyggarfaget frå hausten 2024.

Ledig læreplass i brannførebyggarfaget

Som lærling har du ei læretid på 3 år før du kan ta svenneprøva. Som lærling jobbar du 100% og har normal arbeidstid (dagtid). Oppmøtestad vil vera Skjåk brannstasjon. Lom og Skjåk brannvesen er eit vertskommunesamarbeid med folkevalt nemnd eigd av kommunane Lom og Skjåk. Skjåk kommune er vertskommune. 

Kvalifikasjonar                                                                                                            

  • Gjennomført VK1 byggfag
  • Krav om framlegging av politiattest (brann- og eksplosjonsvernlova § 18) 

Som lærling må du gjennomføre kurs ved  Brann- og redningsskolen.

Vi vektlegg

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • God norskkunnskap
  • Gode kunnskapar om bruk av informasjonsteknologi
  • Tilstrekkeleg god fysisk form og helse mhp. arbeidsoppgåvene som ligg til brannførebyggarfaget
  • Førarkort klasse B

 Arbeidsoppgåver

  • Informasjons- og motivasjonsarbeid om brannrisiko og brannvern i heimen
  • Feiing av skorsteinar
  • Tilsyn med fyringsanlegg 

Vi tilbyr

Ved læreplass i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling.  Du vil kunne få moglegheit til å bli teke opp som deltids- brannmannskap i Lom og Skjåk brannvesen.

  •  Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
  • Nærare opplysningar v/Bjørn Bøye mobil 468 21 863.

 Søknadsfrist 18.08.2024.

 Kommunedirektøren

Les også:

Kontakt

Bjørn Bøye
Brannsjef Lom og Skjåk brannvesen
Mobil 468 21 863