Vikarstilling som miljøarbeidar
Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Vi har eit moderne heildøgns bemanna bufellesskap med både faste bebuarar og avlastningsplassar for barn og ungdom. Vi har eit godt etablert fagmiljø der du vil få mange dyktige kollegaer. Miljøterapeutane har medansvar for det faglege tenestetilbodet vårt. Vi arbeider for at våre aktivitetar skal synlege i samfunnet i Lom og Skjåk.
Stillinga kan bli fast, og andre stillingsstorleikar kan og bli aktuelle.
Arbeidsområde
- Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn - og/ vaksne funksjonshemma med samansette behov.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar/ barne og ungdomsarbeidar er ynskjeleg. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring med målretta miljøarbeid
- Godkjent politiattest
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg at du
- har interesse for barn, unge og vaksne med særskilte behov
- har evne til å arbeide sjølvstendig, og samtidig vera ein tydeleg og trygg rollemodell
- har erfaring frå liknande arbeid, og målretta miljøarbeid med barn, unge og vaksne
- har evne til å skape gode relasjonar
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel i høve til omstillingar
- har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen mobil 95982598.
Søknadsfrist 13. april 2025
Kommunedirektøren