100% stilling som vaktmeister/byggdriftar

Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som vaktmeister/byggdriftar frå oktober 2024. Vi ser etter deg med allsidig handverksbakgrunn som ynskjer ein variert og utfordrande arbeidskvardag.

Om stillinga

Som vaktmeister/byggdriftar vil du ha ansvar for dagleg drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar. Du vil arbeide både sjølvstendig og i team, og du vil bidra til å sikre at våre bygg og uteområde er funksjonelle og trygge for brukarar.

 Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn og enkle reparasjonar av bygg og tekniske anlegg
  • Brannvern- og sikringstiltak
  • Oppfølging av mindre prosjekt og oppgåver knytt til vedlikehald
  • Bidra til å sikre eit godt inne- og utemiljø for brukarar
  • Styring og overvåking av teknisk anlegg manuelt/SD anlegg
  • Søkeljos på energiforbruk og ENØK-optimalisering
  • Internkontroll i FDVU system, (forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling)

 

Som tilsett i teknisk drift kan du bli spurt om å delta i vaktordninga for teknisk vakt.

 Kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller relevant allsidig erfaring innan byggdrift, tømrarfag, elektrikar, rørleggjar eller andre handverksfag
  • Gode praktiske ferdigheiter og erfaring med vedlikehald og reparasjonar
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til bruk av IKT-baserte system
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Godkjent politiattest

 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og påliteleg
  • Gode samarbeidsevner og ei positiv haldning
  • Evne til å løyse problem og ta initiativ
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig

 

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med utfordrande og spanande oppgåver
  • Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Gode ordningar knytt til pensjon og forsikring

 

Arbeidet kan vere fysisk belastande.

Spørsmål kan rettast til tenesteleiar teknisk drift, Bernt Dahl, mobil 45 31 33 01 / bernt.dahl@skjaak.kommune.no

 Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Har du spørsmål, ta kontakt med kommunen eller gå inn på lenka for meir informasjon: 

https://www.skjaak.kommune.no/tenester/plan-byggsak-brann-tekniske-tenester-veg/bu-i-skjak/

 For meir informasjon om kommunen sjå:  https://www.skjak.no/           

Søknadsfrist 18. august

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. I samsvar med offentleglova § 25 kan søkjarar be om unntak frå å bli oppførte på søkjarlista. Dersom unntak ikkje blir imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleggjering.

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Bernt Dahl
Teknisk sjef
Telefon 61 21 70 00