Vi har behov for vikarar
- som badevakt.
- i vaktmeistertenesta.
- i reinhaldstenesta.
Badevakt
Som badevakt har du ansvar for tryggleik, tilsyn og service i bassengområdet. Du må ha gode symjeferdigheiter, vere trygg i stressande situasjonar og trivast i eit serviceyrke. Godkjent livredningskurs krevjast før tiltreding (naudsynt opplæring blir gjeven). Søkjarar må være over 18 år, beherske norsk og levere politiattest.
Vaktmeister- og reinhaldstenesta
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna stell av grøntanlegg, reinhald av kommunale bygg og anna praktisk arbeid. For vaktmeistertenesta er det ein fordel med førarkort på traktor. Vi ser etter deg som er fleksibel, arbeidsam og kan jobbe både sjølvstendig og i lag med andre.
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
Det er ynskjeleg at du i søknaden opplyser om
- kva for arbeidsområde du søkjer (badevakt, vaktmeister eller reinhald).
- eventuelle dagar du treng fri i løpet av sommaren.
Søknadsfrist: 1. mars 2026
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ynskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Gå direkte til søknadsskjema