Skamsarvegen blir mellombels stengd – omkøyring via Industrivegen - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skamsarvegen blir mellombels stengd – omkøyring via Industrivegen

Frå måndag 9. mars kl. 07.00 blir det endra køyremønster i Skamsarvegen. Vegen blir stengd i ein periode på om lag to veker grunna arbeid med VA-anlegg og biovarme til nye Skjåk barnehage og helsestasjon.

Det blir endra køyremønster i Skamsarvegen grunna arbeid med VA og biovarme til nye Skjåk barnehage og helsestasjon. Vegen blir stengd ved Skamsarvegen 16.

Skilta omkøyring blir via Industrivegen. Stenginga gjeld frå måndag 9. mars klokka 07.00 og inntil to veker.

Sjå vedlagt kart som viser korleis trafikkmønsteret blir i perioden Skamsarvegen er stengd. Trafikantar blir oppmoda om å følgje skilting og vise omsyn i området medan arbeidet går føre seg.

Skjermdump av kartutsnitt - Klikk for stort bilde Skjermdump frå kart