Politikarane i front
I arbeidet med samfunnsplanen ønskjer Skjåk kommune å vere open, tydeleg og nær. Difor er det dei folkevalde politikarane som skal vere i front for involveringsarbeidet. Som representantar for innbyggjarane vil dei spele ei aktiv rolle i å løfte fram utfordringar, moglegheiter og val vi står overfor som lokalsamfunn.
Politikarane kjenner kommunen godt, men dei veit også at framtida ikkje blir forma åleine. Ho blir skapt gjennom dialog, engasjement og kunnskap frå alle som bur og verkar i Skjåk.
Dønfoss naturbarnehage
Di stemme er viktig
Samfunnsplanen skal vere ein felles plan for heile Skjåk. Difor treng vi innspel frå innbyggjarar, næringsliv, lag og foreiningar, ungdom, eldre og alle som bryr seg om kommunen vår.
Kva er viktig å ta vare på? Kva bør vi utvikle vidare? Kva slags Skjåk ønskjer vi oss i framtida?
Dette er spørsmål vi no opnar opp for – og der di stemme kan gjere ein forskjell.
Følg med – og bli med!
I tida framover vil du finne meir informasjon om prosessen, og moglegheitene for medverknad her på heimesida og i kommunen sine kanalar.
Saman legg vi grunnlaget for framtidas Skjåk.
No inviterer vi deg med på laget.