Program SOLfestivalen 2026 - Skjåk kommune

Program SOLfestivalen 2026

I 2026 blir SOLfestivalen i Skjåk arrangert for tredje gong. Festivalen har utvikla seg til ein møteplass der kultur, natur og samfunn heng tett saman.

Blant årets trekkplaster er Valkyrien Allstars, eitt av dei mest markante banda i norsk musikkliv, og komikar og forfattar Are Kalvø, som kjem med forestillinga «Berre bønder lengtar heim». Festivalen byr elles på konsertar, utstillingar og arrangement som knyter saman kultur, kvardag, natur og fuglar.

Solfestivalen 2026 - Klikk for stort bildeSolfestivalen 2026

Velkomne til SOLfestivalen i Skjåk 2.–8. mars 2026

Målet er å helse sola attende og samtidig feire mykje av det fine vi har i Skjåk. Vi inviterer dykk til å bli med på feiringa, der næringsliv, lag og foreiningar kan syne seg fram og bidra til å skape ei minnerik oppleving og eit fellesskap i sola sitt teikn.

Her er programmet pr, 20/1-26. Hugs å melde frå om du har noko som kan vere med. Programmet blir oppdatert kontinuerleg her på nettsida. Frist for å få bli med i papirprogrammet er 31/1-26. 

Måndag 2. mars

Solfestivalen 2026
Måndag 2. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Opning av FrøbiblioteketSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
10.00Opning av SOLustillinga
10.00Opning av Fuglebiblioteket
10.00Opning av fotoutstilling med fuglebilete. Foto ved Lars Kurt Haugen og Gaute MeliKommunehuset i SkjåkSkjåk folkebibliotek
10.30Rusletreff - Gå med oss! Sosialt med gåtur i, og kring BismoFriviljugsentralenNasjonalforeningen for folkehelse i Skjåk og friviljugsentralen
18.00Foredrag ved Johannes Alme. Norsk selfangst og katastrofen i Vesterisen i 1952Skjåk folkebibliotek
18.30Spinning v/GretheSnikkerietSkjåk IL

 

Tysdag 3. mars

Solfestivalen 2026
Tysdag 3. mars
KlKvaKorArrangør
11.00Gardbrukartrim v/MargreteSkjåk Trening- og frisklivssenterErgo- og fysioterapitenesta i Skjåk og Lom
11.30AndaktSkjåkheimenKyrkja
12.00Kjerringtreff. Ope for alle kvar tysdag kl 12-14. Kaffi og bitetiGamle Nordberg S-lagSkjåk Husflidslag
17.30Skirenn i DønfossLjosløypa i DønfossSkjåk IL
19.00Konsert og trekkspelutstilling ved Espen og Stian NicolaisenSkjåk folkebibliotekEspen, Stian og biblioteket
KjerringtreffGamle Nordberg S-lagSkjåk Husflidslag
20.30Innebandy for alle v/Tor ArneSkjåkhallenSkjåk IL

 

Onsdag 4. mars

Solfestivalen 2026
Onsdag 4. mars
KlKvaKorArrangør
10.00Musse & Helium. Forteljarstund med Thomas Jørstad-Pettersen. 1. og 2. klassingane er invitertSkjåk folkebibliotekSkjåk folkebibliotek
10.00Gul frukostFriviljugsentralenSkjåk Demensforeining
10.30SOLtur (LHL-tur)Oppmøte på SkeimoplassenLHL
17.00Barnetrimmen for ungar i barnehagealder v/StineSkjåkhallenSkjåk IL
18.00HusflidskafeGamle Nordberg S-lagHusflidslaget
19.00Dametrimmen v/Liv Hege og RagnhildSkjåkhallenSkjåk IL

 

 

Torsdag 5. mars

Solfestivalen 2026
Torsdag 5. mars
KlKvaKorArrangør
SOLfest på skulen for elevane og læraraneSkjåk barne- og ungdomsskule
18.30Innebandy for alle v/Tor ArneSkjåkhallenSkjåk IL
20.30Vaksenfotball v/JimSkjåkhallenSkjåk IL

 

Fredag 6. mars

Fredag 6. mars
KlKvaKorArrangør
19.00Berre bønder lengtar heim med Are Kalvø. Dørene opnar kl 18Marlo GrendehusBli hjå oss i Ottadalen og Skjåk folkebibliotek

 

Laurdag 7. mars

Solfestivalen 2026
Laurdag 7. mars
KlKvaKorArrangør
09.30Badminton for alleSkjåkhallenSkjåk IL
10.00Fuglekassesnikkering med Rune og JarleifSløydsalen Skjåk barne- og ungdomsskuleSkjåk folkebibliotek
19.00Konsert med Valkyrien Allstars. Dørene opnar kl 18Marlo GrendehusVennelaget Bruheim, Skjåk folkebibliotek og Jakupscena
21.00Pub på OKBOKB

 

Sundag 8. mars

Solfestivalen 2026
Sundag 8. mars
KlKvaKorArrangør
13.00Skisportens dagSkianlegget i BotnSkjåk IL
18.00Vaksenfotball v/JimSkjåkhallenSkjåk IL

 

Valkyrien Allstars kjem til SOLfestivalen i Skjåk

 

Valkyrien Allstars - Klikk for stort bildeValkyrien Allstars

 

Marlo Grendehus i Skjåk laurdag 7. mars kl 19

Valkyrien Allstars har gått i nye retningar for kvar utgjeving, og blir rekna som pionerar innan den nye folkemusikken med sitt heilt eigne særpreg.
Bandet består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr., Erik Sollid og Martin Langlie.

Saman lagar og arrangerer dei låtar som handlar om evig kjærleik og mysterium som aldri blir løyste. Både på plate og live byr dei på energi, inderlegdom og overraskande vendingar.

Vi opnar dørene kl 18, konserten byrjar kl 19.

Arr: Vennelaget Jan-Magnus Bruheim, Jakupscena, Skjåk folkebibliotek, Skjåk kommune - kultur med støtte frå Innlandet fylkeskommune

Billettar kjøper du på Tikkio.com

 

Are Kalvø kjem til SOLfestivalen i Skjåk

Plakat av Are Kalvø som kjem til Skjåk - Klikk for stort bildeAre Kalvø kjem til SOLfestivalen i Skjåk

 

Marlo Grendehus i Skjåk fredag 6. mars kl 19

Are Kalvø er ein anerkjend norsk satirikar, forfattar og radioprofil som har sett tydelege spor etter seg i norsk humor og samfunnsdebatt. Han er særleg kjend for arbeidet sitt i NRK-radioen.

Frå 1993 til 2009 var Kalvø programleiar for Hallo i uken på NRK P2, eit populært satireprogram som med humor og skarpsyn tok for seg aktuelle hendingar og samfunnsspørsmål. Tidlegare hadde han òg vore programleiar i Nattradioen på NRK P1.

Kalvø har òg hatt stor suksess på scenen, mellom anna med soloframsyninga Berre bønder lengtar heim – ei personleg og humoristisk forteljing om forsøket på å byggje bru mellom by og land, og om å finne ut kva som eigentleg er best av dei to.

Billettar kjøper du på Tikkio.com

 

Fuglar i fokus på biblioteket

Bilete av ei lavskrike - Klikk for stort bildeLavskrike Lars Kurt Haugen

Perlevenner og fuglevenner

I 2026 skal Skjåk folkebibliotek ha ekstra fokus på fuglar. Under SOLfestivalen 2026 skal vi m.a. opne “Fuglebiblioteket”. Vi har kjøpt inn fleire fuglebøker og vi har skaffa eit stort fuglehus som skal stå utanfor Frøbiblioteket vårt. Rune og Jarleif har sagt ja til å ha fuglekassesnikkering og vi skal sette fram eit bord med perler. Her du kan perle ein fugl og kanskje får du ein “perlevenn” også. Vi skal også opne ei fotoutstilling med fine bilete av fuglar, her samarbeider vi med Lars Kurt Haugen og Gaute Meli. 

Kom gjerne med tips og idear til fuglesatsinga vår!

 

SOLfestivalen er organisert av Skjåk folkebibliotek og Skjåk kommune - kultur.

  • Kontakt oss
    Vi ser fram til å feire sola saman med dykk alle.  Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller om du har noko som kan vere med i programmet.

    Marianne Stensgård: marianne.stensgard@skjaak.kommune.no
    eller
    Sigrun Eide: sigrun.eide@skjaak.kommune.no