Margrethe Sperstad Kveen har vore svært glad i hest heilt sidan ho var lita jente, og interessa har berre vakse med åra. Ho har ridd i mange år, men då ho vart kjend med Julie, dottera på Fjelleventyret, fekk ho augo opp for islandshesten og konkurranseriding innan denne sportsgrena.
Dei to bestemte seg for å prøve seg i konkurranse, sjølv om dei mangla både erfaring og kjennskap til miljøet.
Uredde og fulle av pågangsmot stilte dei til start, og fekk ein flying start med mykje lærdom i bagasjen på vegen heim. Etter dette vart interessa berre sterkare.
Ugla er ein hest Margrethe raskt fekk eit særleg godt band til. Det var denne hesten ho byrja å konkurrere med, og det var lett å sjå den gode kjemien mellom ryttar og hest. Saman utvikla dei seg jamt og sikkert.
Etter om lag eitt års opphald frå både konkurransar og riding, gjorde Margrethe comeback på konkurransebana våren 2025. Då stilte ho igjen til start med Ugla, no som eigar av hesten. Sidan den gong har ekvipasjen levert svært gode resultat, med fleire klassesigrar og plasseringar heilt i toppen. Margrethe rir i dag på nivå med dei beste i sin aldersklasse innan sporten.
Margrethe og Ugla er eit sterkt tospann som arbeider målretta mot stadig nye mål, sigrar og gode plasseringar. Som elev ved Storsteigen, med det sterke hestemiljøet som finst der, ligg forholda godt til rette for vidare utvikling og nye suksessar i åra som kjem.