Måndag 19. januar vart Jotunheimen vidaregåande skule godkjend som privatskule med statsstøtte – eit viktig og gledeleg vedtak for heile Ottadalen.
Godkjenninga er resultatet av eit breitt og sterkt lokalt engasjement, der bygdefolk, næringsliv, kommunar og eldsjeler har stått samla for å sikre eit vidaregåande skuletilbod i regionen.
Vedtaket gjev tryggleik for elevane som allereie er i gang med opplæringa, og styrkjer framtidstrua i lokalsamfunnet.
Skjåk kommune gratulerer Jotunheimen vidaregåande skule og alle som har bidrege i arbeidet.
Feiring av Jotunheimen vidaregåande si godkjenning. Her er TAFI, og elevar og lærarar frå Jotunheimen privatistskule representert.
Lom kommune