Feil i faktura for kommunale gebyr – ny faktura kjem - Skjåk kommune

Feil i faktura for kommunale gebyr – ny faktura kjem

Etter prisendringar på kommunale gebyr for 2026 har det oppstått ein feil som gjer at ikkje alle prisane er oppdaterte. Dette fører til at vi må sende ut ny faktura.

Feilen gjeld både for dei som får faktura månadleg og dei som får faktura kvartalsvis. Vi ber difor om at faktura som nyleg er sendt ut blir sett bort frå. Ny og korrekt faktura vil bli sendt ut.