17. mars 2022 - Gudbrandsdalsostens dag!I anledning dagen, torsdag 17. mars, sponsar TINE Lom og Skjåk ein brunostsmak til alle skuleungane og barnehageungane i Lom og Skjåk, og bakeriet i Lom sponsar brødskiver. 17. mars 2022 I år sponsar TINE Lom og Skjåk ein brunostsmak til alle skuleungane og barnehageungane i Lom og Skjåk. Bakeriet i Lom sponsar brødskiver. Det blir utdeling av matboksar (m/fersk kaku og raudost) til skuleelevar i Skjåk. COOP Extra Skeimo og Bunnpris Bismo deler også ut matboksar til dei fyrste 10 som kjøper raudost denne dagen Gudbrandsdalsostens dag Gudbrandsdalsostens dag er den 17.mars fordi denne dagen i 2011 bestemte TINE seg for at vi skulle halde fram med å produsere Gudbrandsdalsosten på TINE Lom og Skjåk, som det einaste ysteriet i Gudbrandsdalen. Den årlege markeringa av Gudbrandsdalsostens dag skal vera eit høve til å vise det norske folk sitt sterke forhold til Gudbrandsdalsosten og samstundes fokusere på viktige verdiar som: smak kulturarv identitet tradisjon nasjonal og lokal stoltheit produksjonskvalitet og merkevare Sist endret 04.09.2024 12.06