17. mars 2022 - Gudbrandsdalsostens dag!

Gudbrandsdalsostens Dag  - Klikk for stort bildeI anledning dagen, torsdag 17. mars, sponsar TINE Lom og Skjåk ein brunostsmak til alle skuleungane og barnehageungane i Lom og Skjåk, og bakeriet i Lom sponsar brødskiver. 

17. mars 2022

I år sponsar TINE Lom og Skjåk ein brunostsmak til alle skuleungane og barnehageungane i Lom og Skjåk. Bakeriet i Lom sponsar brødskiver. Det blir utdeling av matboksar (m/fersk kaku og raudost) til skuleelevar i Skjåk. COOP Extra Skeimo og Bunnpris Bismo deler også ut matboksar til dei fyrste 10 som kjøper raudost denne dagen

Gudbrandsdalsostens dag

Gudbrandsdalsostens dag er den 17.mars fordi denne dagen i 2011 bestemte TINE seg for at vi skulle halde fram med å produsere Gudbrandsdalsosten på TINE Lom og Skjåk, som det einaste ysteriet i Gudbrandsdalen.

Den årlege markeringa av Gudbrandsdalsostens dag skal vera eit høve til å vise det norske folk sitt sterke forhold til Gudbrandsdalsosten og samstundes fokusere på viktige verdiar som: 

  • smak 
  • kulturarv 
  • identitet 
  • tradisjon 
  • nasjonal og lokal stoltheit 
  • produksjonskvalitet og merkevare

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702