100 % vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar på Nav Lom og Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

100 % vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar på Nav Lom og Skjåk

Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til folk? NAV Lom og Skjåk søkjer ein engasjert rettleiar/sakshandsamar til eit spennande vikariat med varierte oppgåver innan rettleiing, økonomi og sosialfagleg arbeid – i eit arbeidsmiljø der samarbeid, utvikling og menneske står i sentrum.

Rettleiar/sakshandsamar på Nav  Lom og Skjåk 
- 100 % vikariat

Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk Kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret er lokalisert i Bismo. Vikariatet er ledig frå 01.06.26 og fram til 31.03.27, med moglegheit for forlenging. 

Arbeidsoppgåver 

  • Arbeidsoppgåver og saksbehandling etter Lov om  sosiale tenester i Nav.
  • Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar.
  • Forvaltning av personar sin private personar sin økonomi.
  • Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte.
  • Nav er ein organisasjon i endring, det kan bli endring i oppgåver.
  • Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing.

Kvalifikasjonar  

  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (bachelor)  
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet    
  • Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar  
  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk  

Vi vektlegg at du  

  • har evne til å arbeide målretta.
  • har evne til å arbeide i team.
  • er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag.
  • har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne.
  • har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og gode evner til omstilling.
     

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.  

Søkjarar må disponere eigen bil – ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.  
Ynskjer du meir informasjon om Nav  - gå inn på nav.no.

Vi tilbyr  

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale   
  • pensjonsordning i KLP  
  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver  
  • fleksitid  

Spørsmål kan rettast til  
Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk,  
mob. 95982598 gudrun.teigen@nav.no  

Søknadsfrist 01.06.2026  

Elektronisk søknadsskjema 

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.

Vil du vite meir om oss?

Les meir om bygda og barnehagane våre på: www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner