Om stillinga
Som avdelingsleiar får du ansvar for fagleg oppfølging, dagleg drift og vidareutvikling av tenesta. Du vil ha ei sentral rolle i samarbeidet med tilsette, brukarar, pårørande og leiinga i helse og omsorg.
Bismotunet bufellesskap er eit tilrettelagt butilbod for personar som treng oppfølging i kvardagen. Tenesta legg vekt på meistring, kvalitet og individuelle løysingar, med mål om at brukarane skal oppleve tryggleik, sjølvstende og deltaking i eige liv.
Skjåk kommune arbeider med å utvikle helse- og omsorgstenestene i tråd med behova til innbyggjarane. Som avdelingsleiar vil du òg vere med i arbeidet med å ta i bruk velferds- og meistringsteknologi der det kan bidra til betre tenester for brukarane og ein god arbeidskvardag for tilsette.
Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging.
Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester.
- Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar.
- Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet.
- Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar.
- Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Ansvar for relevante fagsystem.
- Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga.
- Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi.
- Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta.
- Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, faglegheit og respekt.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stilling.
Kvalifikasjonar
- Relevant treårig høgskuleutdanning.
- Leiarerfaring er ønskjeleg.
- Erfaring frå arbeid med personar med samansette behov er ønskjeleg.
- Erfaring i arbeid med og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
- Førarkort klasse B.
- Godkjend politiattest.
Vi vektlegg
- at du er tydeleg, trygg og engasjert i leiarrolla.
- at du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere medarbeidarar.
- at du er strukturert, fleksibel og utviklingsorientert.
- at du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid.
- at du har evne til og er fleksibel i høve til omstilling.
- at du har god digital kompetanse og interesse for meistringsteknologi.
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Kari Gjelbakken, telefon 45 34 39 53
Søknadsfrist: 15.07.2026.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.