Viltforvaltning – det blir lagt opp til rekordhøgt uttak av hjort

PX Det blir lagt opp til rekordhøgt uttak av hjort dei neste tre åra i Skjåk

Utval for vilt og fisk har godkjent ny bestandsplan og ny forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr. Forvaltningsplanen har definert ulike kommunale mål for hjorteviltforvaltninga i Skjåk. Utifrå dette har ein estimert mål for vinterstamma: Elg – om lag 300 dyr. Hjort – om lag 400 dyr. Både elg- og hjortestamma er i dag større enn målet. I løpet av dei neste tre åra bør ein klare å få elgstammen ned på rett nivå. Sett-elg data og teljingar tyder på at elgbestanden er "over toppen". Når det gjeld hjort derimot er vinterstamma truleg høgare enn nokon gong. Det må til store uttak om ein skal ha moglegheit til å redusere stamma. Ein avgjerande faktor er innvandring. Frå tidlegare merkeprosjekt er det kjent at hjort frå Vestlandet vandrar austover til mellom anna Skjåk. I kva grad innvandringa har auka er usikkert, men det er sannsynleg ein medverkande årsak til den store hjortestamma vi har i Skjåk i dag.

Gjennom bestandsplanen er det gjeve løyve til uttak av 130 elg og 360 hjort årleg dei neste tre åra.

Både bestandsplanen (PDF, 777 kB), forvaltningsplanen (PDF, 314 kB) og vedtaka frå sist møte i utval for vilt og fisk (PDF, 229 kB) ligg vedlagt.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145