Velkomen til Babysong på Lom Friviljugsentral

Lom Friviljugsentral inviterer til Babysong kvar tysdag kl. 10.00 frå 29. oktober til 17. desember.  Babysong er for alle babyar i Lom og i Skjåk.  Hugs påmelding!

Velkomen til Babysong

Lom Friviljugsentral inviterer til Babysong kvar tysdag kl. 10.00 frå 29. oktober til 17. desember. Kurset blir leia av Ranveig Henriksen Bøhle og er for born mellom 6 og 12 månader. Her får dei minste oppleve song, musikk og rytmar i ei trygg og god ramme.

Eigenbetaling er kr. 575,- , og etter babysongen blir det småbarnskafé. 

Påmelding

Påmelding til: ranveig.henriksen.bohle@skjaak.kommune.no  eller på tlf. 911 39 020.

Velkomen til ei hyggeleg stund for deg og barnet ditt!

bilde av en eventplakat for babysong - Klikk for stort bilde Lom og Skjåk friviljugsentral

Kontakt

Ranveig Henriksen Bøhle
Dagleg leiar