Varsling om arbeid i Industrivegen og Skamsarvegen

Adobe Stock foto Gjennom våren og sumaren vil avdeling, Teknisk drift, få utført legging av ei ny vassleidning på industriområdet i Bismo med nedsetting av fleire kummar i Industrivegen og Skamsarvegen. Og det vil bli mellombels omkøyring for å gje rom åt entreprenøren til å avdekka eksisterande vass- og avlaupsleidningar på staden.

Styrking av leidningsnettet for vatn i Bismo

Dei som ferdast i Industrivegen kan allereie no ha merka at noko er på gang i krysset ved Vassverksvegen, der det har vore hogst og rydding langsetter vegen. Der blir det ei mellombels omkøyring for å gje rom åt entreprenøren til å avdekka eksisterande vass- og avlaupsleidningar på staden.

Når leidningane er avdekka vil eksisterande vass- og avlaupskum bytast ut med nye kummar. Då skal ny vasskum setjast ned, og gjerast klar for ein ny leidning som skal knytast saman med den hovudvassleidningen som ligg i Skamsarvegen. Så raskt ein får oversikt over leidningane og aktuell plassering av ny avlaupskum og ny vasskum vil ein også forsikra seg om å ha alle påkravde komponentar tilgjengelege før dei nye kummane setjast på plass og i drift. Samstundes med dette vil ein og setje ned ein ny vasskum nærare vassverket.

Ein tek sikte på at avstenging av vatn på berørte leidningar skal bli så kortvarig som mogleg, og abonnentar som då kan bli vasslause vil få beskjed på førehand med tidspunkt og antatt varigheit av vassavstenginga.

Mellombels omkøyring via Strandvegen og Bispevegen

Når desse kummane er på plass vil arbeidet med å leggja ei ny vassleidning fram åt Skamsarvegen ta til. I det hovudvassleidningen i Skamsarvegen må avdekkast vil dei med åtkomst frå Skamsarvegen, frå og med Skamsarvegen 16 og vidare mot sør og aust få mellombels omkøyring via Strandvegen og Bispevegen. Fram til ny vasskum er sett ned og vegbana er opparbeidd på nytt ved Skamsarvegen 14 vil gang- og sykkelvegen mellom Skamsarvegen og Strandvegen vera ferdselsåra for køyrande frå og til berørte adressar.

Både dei som må bruke mellombels omkøyring, og dei abonnentane som blir påverka av vassavstenging når ny kum i Skamsarvegen skal setjast ned og i drift, vil få nærare beskjed når det nærmar seg tida for både stenging av veg og vatn.

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890