Valkveld for ungdomen

Eldhug Velkomen til ein uformell kveld med valprat, mat og konsert med Eldhug. Mogard Kro fredag 3.september klokka 19.30.

Er du ung og bur i Skjåk? (Alder: ungdomsskule og oppover til 20 år).

Ungdomsrådet i Skjåk å inviterer ungdomen i Skjåk til ein hyggeleg politisk kveld på Mogard Kro fredag 3. september. Der blir det ei felles gjennomføring av «Valgomaten» med politiske diskusjonar, og konsert med Eldhug. Det blir ein kveld med mykje politisk hygge på ungdomens premissar.
Stad: Mogard Kro fredag 3. september klokka 19.30.

Program for kvelden

  • Minikonsert med Eldhug (del 1)
  • Innleiing om kvelden frå Kristen Haugen Dagsgard.
  • Gjennomføring av Valgomat`n med Kristen H.D. + Kjersti Grønvik Steinbakke
  • Servering av pizza og brus
  • Minikonsert med ELDHUG (del 2)
  • Grupper/drøftingar etter valgomat-resultatet med Kristen + Kjersti
  • Vel heim!