Vaksine mot meslingar

Helsestasjonen har viktig informasjon om vaksine mot meslingar.

Vaksine mot meslingar


Flokkimmunitet
Når dei fleste i befolkninga er vaksinert mot ein sjukdom, blir færre personar mottakelege for smitte. Det vil også beskytte dei minste borna som er for unge til å få vaksine, og personar med spesielle sjukdommar som gjer at dei ikkje kan vaksinere seg.

Meslingar
Meslingar er den mest alvorlege barnesjukdommen vi har.  Den er svært smittsam og kan gje alvorlege komplikasjonar og seinskade hjå den enkelte som får sjukdommen.

Dei fleste vaksne som er fødd og oppvaksen i Norge er beskytta mot meslingar -  enten fordi dei er vaksinerte eller har hatt sjukdommen. Meslingvaksinen vart innført i barnevaksinasjonsprogrammet til eitt-åringar i 1969, og som ein del av MMR-vaksinen mot meslingar, kusma og raude hundar til sjetteklassingane i 1983.

Vi fylgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar

  • Fødd i 1970 eller seinare
    Dei som veit at dei har fylgt det norske barnevaksinasjonsprogrammet skal ha fått tilbod om meslingvaksine. Det er ikkje naudsynt med fleire dosar. 
  • Fødd frå og med 1960 til og med 1969
    Dei fleste har hatt meslingar, og treng difor ikkje vaksine. Etter at meslingvaksinen vart innført sank førekomsten av sjukdommen. Dette gjer at nokon ikkje er beskytta mot meslingar fordi dei ikkje har fått vaksine eller har gjennomgått sjukdommen.
    Ved tvil tilrår vi ei dose MMR-vaksine
  • Fødd før 1960
    Er du sikker på at du har hatt meslingar, er det ikkje naudsynt med MMR-vaksine.
  • Fødd i 1970 eller seinare - Tilrår ei dose MMR-vaksine i fylgjande tilfelle ( dei fleste oppnår langvarig immunitet): 
    • Dersom du ikkje veit om du har teke vaksine mot meslingar/har teke MMR-vaksine.
    • Dersom du ikkje veit om du har gjennomgått dei aktuelle sjukdommane.

Det gjev ikkje auka risiko for biverknader av å få MMR-vaksine sjølv om du har vore vaksinert tidlegare eller har gjennomgått ein eller fleire av sjukdommane som vaksinen beskyttar mot.

Dersom du er usikker på om du treng påfyll av MMR-vaksinen, kan du ta kontakt med:

  • Skjåk Helsestasjon
    • Aud Jotun tlf 908 48 548
      eller
    • Rannveig Brennhaug tlf 909 89 436

Vi har vaksinar på lager. Vaksinen er gratis. Du betaler kr 110 for injeksjonen.

Kontakt

Rannveig Brennhaug
Helsesjukepleiar
Telefon 61 21 70 00