Ung i Norddalen

 

Kontakttenesta for barn og unge og foreldre i Nord-Gudbrandsdalen 

Ung i Norddalen er her for deg som treng og ynskjer å ha nokon å snakke med. Til dømes om du kjenner på sakn av vener, har vanskar med å følge opp skulearbeid, føler deg einsam, har vanskar med vener, noko er vanskeleg heime, hendingar som ikkje bør skje, dersom du er utsett for vald eller overgrep, har vanskelege følelsar som dukkar opp, problem knytt til arbeid og skule, søvnproblem og døgnrytme.

Er det andre ting du tenkjer på som du gjerne vil prate med noko om, er det berre å ta kontakt på chat eller telefon. 

Kontakttelefonen er og open for føresette som treng nokon og prate med i samband med at koronatiltaka mellom anna har ført til stengte skular og barnehagar og gjenopning av desse.

Tenestene er betent av tilsette frå PPT Nord-Gudbrandsdal og helsestasjonen.